Hopp til hovedmeny Hopp til innhold

Mammarollen med CP

Mari Svartveit Hansen forteller om sine erfaringer knyttet til graviditet, mammarollen og fordommer.

Eg har to døtrer, Siri Kristine (5) og Linde (2). Eg er godt gift med ein funksjonsfrisk mann og er avhengig av rullestol. Eg har nok alltid drøymt om å verte mor, men aldri helt visst om det var ein realistisk draum. Draumen vart putta langt bak i hovudet  grunna  CPen i ein lang periode, men venninnene mine var ikkje overraska då eg fortalde nyheitene om graviditeten. Dei fortalde at eg alltid hadde prata om å få born.

Verdt alt styret

Eg hugsar enno adrenalinet, gleda over å kunne halde mitt barn inn til brystet, den dagen Siri Kristine kom.  Eg byrjar å prate i ufullstendige setningar mot det vetle bornet som låg i senga rett ved sida av mi. Eg klarte det, tenkte eg. Det var verdt alt styret før du kom. Eg hadde forresten to normale fødslar utan keisarsnitt.

Eg trur me veks som menneskjer når me vert foreldre. Det vetle barnet som ligg i armane dine, som pressar seg inntil deg. Det er fantastisk.  Eg håper de som ynskjer det som ikkje har opplevd det kan få oppleve det same.

Eg klarer no å arbeide litt som frilansjournalist, men eg slit i periodar med kronisk trøttheit og må roe ned tempoet. Ikkje ha forventningar om å vera superkvinne med full jobb når borna er små. Det er for slitsamt for meg no, og vil ikkje anbefalast. Det er viktig å spare energi til barna.

Med ei god BPA -ordning kan ein nyta det med å vera mor fullt ut. Ein kan henta born i barnehagen, vera der når dei er sjuk, eller organisere barnebursdag.

Betyr mykje

Det å få lov til gi kjærleik til nokon og få så masse attende betyr mykje. Det å få oppleve velta blomsterpotter, ete middag med ein to-åring, få ein god klem av barnehender dekka av kaviar og leverpostei og høyre orda, eg elske deg, mamma betyr mykje.

Det å få oppleve ein stor fem-åring stille deg til veggs med vanskelege filosofiske spørsmål om liv og død, men samstundes få null spørsmål om mamma i rullestol, er nesten litt fascinerande synes eg.  

Vi er vorte morgonfuglar i vår familie. Det å måtte tvinge A- mennesket fram har ikkje alltid vore lett. Linde vaknar for tida før fuglane har orka å kvitre, klokka 05.00. Då har ho klatra ut av barnesenga, og kjem med forsiktige skritt inn på rommet vårt, og vil opp til oss.  Me prøver å få ho til å ligga i ro og sova litt lengre, men det endar som oftast opp med nokon ivrige spark i ryggen, eller eit hopp opp på enten min eller mannens mage.

Siri Kristine er ei aktiv jente. Ho har ofte lite ro i rumpa om ikkje tv er på prinsessefilm. Ho elskar å vera ute med venner i nabolaget, men kan også sitta å gjera oppgåver i aktivitetsbøker i lag med mor.

Morshjertet jubla

For ei stund sida følte eg stor glede. Vanlegvis pleier mannen min og eg å legge Linde i fellesskap. Denne gongen bestemte eg meg for å prøve på eiga hand. Vi starta med å kome oss inn på badet. Linde tok fram baljen som ho pleier å stå på for å pusse tenner og rekke opp til vasken.

Tennene vart pussa med forsiktig hand (utan protest, jippi), fyrste etappe unnagjort. Bleia kom av sjølv med mors kranglete hand, og på med trusebleie. Dette klarte vi godt. Mor trekker pusten djupt av lettelse. Nattkleda går på som ein leik, med hjelpande små hender og føter som dukkar opp på rett plass. Er det sant tenkte eg, er vi komen der at eg kan legge deg utan hjelp frå andre? Morshjertet jublar!

Møter fordommar

Eg husker når Siri Kristine var lita og me var på tur, og folk såg på oss. Noko nokon gjere. Så såg ho tilbake og sa hei, heilt til folk svara ho.

Når eg i møte med hjelpeapparatet møtte fordommar kring morsrolla, var det tøft. I alle fall i den situasjonen vi var, der me bad om hjelp. Vi trengte meir BPA. – Men åleineforeldre klarar seg jo, så kvifor skal ikkje de? Dette vart sagt mens dei såg spørjande på den funksjonsfriske mannen min.  Det var vondt, eg følte retten til å vera mor til mine eigne barn vart reve ut av hendene mine.

Hjelp til å gå på do

Det har heilt klart vore mange utfordringar kring det å verta mor,  og graviditet. I starten med fyrste jenta, var det graviditeten som var den største utfordringa.

Eg klarte å arbeide og studere til eg var 6 månader på veg. Då var eg så tung at eg ikkje klarte å gå på do lengre på eiga hand.

Med nummer to arbeida eg fram til mars, og hadde termin i mai.  Eg sleit med kvalme under begge svangerskapa. Kvalme utan å kunne springe på do var utfordrande. Med nummer ein var eg meir usikker og på jakt etter informasjon om andre sine erfaringar rundt CP og graviditet. Det var vanskeleg. Men gjennom vener og CP-foreininga i Hordaland Sogn og Fjordane, kom eg i kontakt med to jenter som hadde vore gjennom dette før. Elles var det lite å lese om dette temaet. Hadde eg visst om Sunnaas Sjukehus sin kunnskap på dette,  hadde eg sjølvsagt tatt kontakt med dei

Tredje trimester var det verste, men med begge barna fekk eg regelmessig trening gjennom svangerskapet.  Medan eg bar Linde i magen, var eg oppe å gjekk masse. Eg gjorde pusteøvingar for å trene lungene til å takle presset av barnet på dei.

Med fyrste barn var ergoterapeut inne for å kartlegge kva eg kunne få av hjelpemiddel når barnet kom. Likevel var det vanskeleg å finne ut kva rettar eg hadde som funksjonshemma mor. Det var vanskeleg å få ei god permisjonsordning som passa oss. Me ynskte at begge foreldra kunne vera heime slik at mannen kunne assistere meg. Det fekk me ikkje.

Fleire utfordringar

Utfordringar når borna kom var jo blant anna: At eg ikkje kunne bruke venstre handa så godt og ikkje fekk til å bytte bleier og bære borna. Eg klarte ikkje bera dei før dei kunne starte å hjelpe til sjølv. Men mine barn lærte å tilpasse seg og skjønte tidlig at slik var mor.

Det er viktig å tenke realistisk igjennom hjelpebehovet sitt og gjerne rådføre seg med instansar som Sunnaas. Me sleit lenge med andre jenta med å få den hjelpa me trengte og vart til dels dårleg behandla av kommunen. Eg har lenge berre hatt 20 prosent assistent, men  byrja no før sommaren med 100 prosent.

Det har slitt både på meg og mannen min at me har fått så lite hjelp. I periodar var livet ganske tøft med born i to ulike barnehagar, og kommunen gav oss berre hjelp til å levere eit barn i barnehagen. Me har berre ein bil og eg kan ikkje ta førarkort.  Me var slitne. Vendepunktet vårt var kontakten med Sunnaas, dei hjalp meg å kartlegge hjelpebehovet mitt slik at kommunen ikkje hadde noko anna val enn å gje oss det tilbodet eg hadde behov for.

Lytt til di eiga indre stemme

Om du er usikker om du kan takle morsrolla, vil eg seie ein ting: Lytt til di eiga indre stemme om kva du vil. Snakk grundig igjennom temaet med partneren din. Ta kontakt med Sunnaas Sjukehus ,og eventuelt søk eit vurderingsopphald der via fastlegen. 

Ta kontakt med likepersonar som har vore igjennom ein graviditet, og har erfaring rundt det å ha barn. Det er viktig å tenkje på moglegheitene og løysningar i staden for begrensningane. Vi har eit fantastisk liv med oppturar, nedturar, glede og tårer. 

Det er vårt kvardagsliv og eg elskar det.