EGIL WOLF: Med føtene først
Frå barndommen på Voss til livet i Hol har Egil Wolf (79) levd med cerebral parese og eit urokkeleg mot. I «Fotnotar» ser han attende på eit langt liv med humor og alvor.
Heime i Hol, ikkje så langt frå Geilo, sit Egil Wolf i godstolen når underteikna kjem på besøk. Kaffikanna står klar på bordet, ved sida av eit fat med heimebaka godsaker. Kona Hanne sørgjer for påfyll i koppane, medan Egil helsar med eit glimt i auget.
– Vil du ha kaffi eller konjakk?
Han kan ikkje bruke armane, men føtene har vore verktøyet hans heile livet – til alt frå å skrive, slå på lyset til å trykkje på tastaturet.
Når ein kjem inn til Egil og Hanne, merkar ein straks at dette er ein heim full av varme og minner frå eit langt liv. Egil fortel at han har vore spent. Det var i januar i år han først sende ein e-post til CP-foreininga, på jakt etter eit intervju han gjorde i CP-bladet i 1963. Han kunne fortelje at han var svært engasjert i foreininga som ung gut og arrangerte på eige initiativ ein stor basar til inntekt for saka.
Ikkje langt ut i samtalen kjem også eit dokument på bordet: Fotnotar – Egil si eiga livsforteljing, og grunnen til at han var på leiting etter intervjuet i CP-bladet. Fotnotar er skriven på nynorsk, med varme, presisjon og eit sjølvironisk blikk som gjer historia hans levande. Difor vert også denne teksten fortald på nynorsk.
Barndom på Voss
Han startar med byrjinga, og det gjer han på sin måte – tørt og humoristisk:
«Eg vart født på Voss 24. mai 1946 som nr. to av eit tvillingpar. Bror min kom først, eg kom to–tre timar etter. Då, seiest det, at eg var blå over heile kroppen. Det heile skjedde heime med berre ei eldre jordmor til hjelp.
Mamma og pappa venta berre ein. Dei oppdaga at dei hadde skaffa til veges alt for lite bleiestoff, så pappa fekk jobben med å prøve å finne meir. Han kom heim med noko dei kalla blåtøy. Det gjorde nytta såg det ut for, men både bror min og eg vart blå i både baken og her og der når det nye tøyet vart vått.»
Egil skriv med detaljar som får tida til å stige fram att: rasjonering, tungt arbeid og ein barndom der mor bar vatn og far pendla til Dale fabrikker. Mellom linjene ligg både humor og respekt for foreldra.
«Mamma sa mange år etter at det var tungt. Ho hadde då tre barn på under tre år.»
Når noko ikkje stemte
Allereie som liten var det noko foreldra merka.
«Tida kom då me naturleg, til dømes, skulle byrja å gripe etter verda med hendene. Det var ein naturleg sak for bror min, men eg låg der berre. Då gjekk alarmen hjå mamma. Ho bar til lege. Han skjøna aldeles ingen ting. Men ho var barnepleiar og såg heilt klart at noko ikkje var rett.»
Det vart starten på eit langt liv med undersøkingar, behandlingar og institusjonsopphald. Foreldra håpa at han skulle verte «frisk». Egil skildrar barneklinikken på Haukeland med eit barns undring:
«Eg var meir opptatt av alt det som skjedde rundt meg, med andre barn. Ein gong hamna eg saman med ei søster inn på eit rom med masse røyr, glas og anna. Eg hadde møtt ho i korridoren og spurt kva ho hadde. Ho sa det var ein urinprøve, og eg ville vera med inn. Ja, det ville eg vel.»
Behandling, basarar og barneglede
Gjennom 1950-talet var det mykje forsøk og lite kunnskap.
«Den gongen, i 1946, visste ein lite om cerebral parese generelt. Det gjekk ikkje mange år før det vart akseptert at tilstanden var konstant og livslang.»
Likevel fann Egil plass til små glimt av glede og fellesskap. Han skriv om somrane på Solstrand ved Lønavatnet, om besteforeldre, tanter, onklar og syskenbarn – og korleis det var å køyre bakpå lasteplanet til onkel Anders:
«Kan tenkje at det var ikkje lite fem–seks personar skulle ha med for ein heil sommar. Eg hugsar best at me satt bak på lasteplanet, kjempemoro!»
Og han hugsar dei første eldsjelene i CP-rørsla:
«I starten heitte det «Foreningen til bekjempelse av cerebral barneparese». Det er lenge sidan, og alt har forandra seg, heldigvis.»
Frå Dale til Gladheim
Egil flytta med familien til Dale i 1952. Dei kom med toget. Der fekk han ei trygg skulegang og lærarar som ville ha han med. Han løftar fram fru Hermansen.
«Ho var den beste pedagog ein kan tenkje. Ho gjorde sitt til at verken eg eller andre i klassen vart mobba. Mange år seinare fortalde ho meg at ho var den einaste læraren på Dale folkeskule som ville ha meg i sin klasse.»
Men tryggleiken vart broten då han vart sendt til nye behandlingsheimar.
«Gladheim var eit gamalt herskapshus. Der skulle eg få behandling og samstundes undervisning. Men behandlinga hjelpte meg like lite der som dei andre plassane. Eg lengta heim og mistrivst meir og meir.»
Han var berre tolv år då han fekk reisa heim att åleine med toget frå Oslo til Dale.
«Eg vart spurt av konduktøren om eg ville ha middag i spisevogna. Eg svara at det hadde vore godt, men eg hadde nok ikkje råd. Han fortalde at ei dame eg hadde snakka med på toget, hadde spurt om ho kunne få spandera middag på meg.»
England og oppgjeret
Ei tilfeldig togreise skulle få store følgjer. Ei engelsk dame ville hjelpe den unge guten til ei betre framtid. Ho skaffa plass på ein spesialskule i England og betalte alt.
«Min umiddelbare reaksjon var: Nei, ikkje i det heile tatt. Kvifor skulle eg det, eg hadde jo vorte teken opp på realskulen? Etter kvart kom heile forhistoria. Ho ville betala rubbel og bit. Eg sa nei takk, men vart overtala.»
Opphaldet vart tungt.
«Eg har aldri mistrivst så til dei grader som eg gjorde der. Det var ein kamp frå dag til dag for å overleve mentalt.»
Teksten viser kor mykje refleksjon og sjølvinnsikt den unge Egil hadde:
«Heilt frå den gongen eg skulle ha lært å bruka hendene, men ikkje klarte det, har eg brukt føtene til å utføre praktiske ting. Det å få armane til å lystra, har aldri lykkast, så det har eg fortrengt frå minnet.»
Etter halvanna år reiste han heim, nedbrote, men bestemt på å ta tilbake kontrollen over livet sitt.
Berg gård og Berg gymnas
Heime på Dale fann han igjen fotfestet, bokstaveleg talt. Tida på realskulen vart den finaste så langt i livet: Han fekk vener, vart inkludert på turar og i ungdomslivet, og kjende for første gong at han høyrde til. Bak alt låg ei stille glede over å leva som ein vanleg ungdom, med både lekser, latter og usagde forelskingar.
Etter realskulen byrja han å sjå seg om etter nye moglegheiter.
«Då eg enno ikkje klara meg sjølv i til dømes toalettsituasjonen, såg eg at tilboda ikkje var så mange kva gjaldt å gå vidare på gymmen, og ikkje bu heime.»
Løysinga såg han på Berg gard i Oslo, der CP-foreininga planla ei hybelavdeling.
«Eg såg ein moglegheit der. Samstundes kunne eg søkja elevplass ved Berg gymnasium som låg på nabotomta. Alt såg ut til å gå i boks.»
Dette var i 1965, han hadde fylt 19 år og var hungrig på livet. Men kvardagen vart noko heilt anna enn han hadde tenkt.
«Dei som styrde hybelavdelinga ville laga ei form for institusjon av det, og eg skulle heller vera med på å lage eit miljø der.»
Etter eitt semester hadde han fått nok. Han strauk i tysk og reiste heim til Dale – fast bestemt på å ta artium som privatist, på eigne premissar.
Utdanning og eigen veg
Egil skriv om opphaldet ved Attføringsinstituttet i Oslo. Han hugsar ikkje heilt korleis han hamna der, men det vart ei interessant oppleving.
«Eg fekk fysioterapeuten til å sy om buksene mine, slik at eg kunne dra dei opp og ned sjølv. Då kunne eg gå på do utan hjelp. Det opna mange moglegheiter. Ikkje minst å kunna bu åleine.»
Opp gjennom åra var det mange som ikkje hadde tru på at Egil ville klare å gjennomføre det han heldt på med, men han har motbevist tvilarane gong på gong. Han byrja etter kvart å studere sosiologi ved Universitetet i Bergen. Men midt under eksamen fekk han ein sterk kjensle av at han var på feil veg:
«Eg spurde meg sjølv: Kva er det eg driv på med? Dette var ikkje rett. Eg reiste meg frå stolen, sa takk for hjelpa – og gjekk ut i dagen som ein fri mann. No kunne eg bestemma sjølv».
Planen var ikkje å avslutte utdanninga, men å landa på kva han hadde lyst til å gjera. Fridomen brukte han til å forme sitt heilt eige prosjekt. Han skreiv, reiste og førelas på folkehøgskular om det å leve med funksjonsnedsetjing.
«Når eg tenkjer over det no, synes eg sjølv det var tøft gjort. Det som var vanskeleg, har eg gløymt. Eg hugsar berre det positive. Og her må eg nemne ein episode: Eg sat på Værnes flyplass og venta. Eg hadde god tid så eg fant fram dagboka mi og for fyrste gong I livet mitt tora eg offentleg å ta av meg sko og sokkar for skriva i dagboka.»
Etterpå søkte han seg inn på Sosialskulen i Stavanger og flytta inn i eigen leilegheit. Etter utdanninga fekk han jobb på eit nytt sosialkontor i Bergen. Der var han i fire år, før han fekk ny jobb som sosialsekretær for studentane hos Studentskipnaden i Bergen.
Kjærleik og kvardagsliv i Hol
I 1989 gifta Egil seg med Hanne, som han møtte i Bergen året før. Han flytta til Hallingdal og fekk jobb som nestleiar ved sosialkontoret i Ål. Han har alltid hatt eit blikk for humor, og den same tonen går igjen også når han skriv om arbeidslivet:
«Eg likte folk. Og det hjelper når du jobbar med menneske.»
Heime i Hol har han og Hanne funne rytmen i kvardagen. Når han fortel, er det utan sjølvmedliding, berre med eit glimt i auget over kor merkeleg og rikt livet kan bli, også når utgangspunktet er uventa.
Når kaffikoppane er tomme og samtalen roer seg, ligg det ein ro i stova.
– Eg har hatt eit godt liv. Ikkje alltid lett, men godt. Ein må ikkje henga seg opp i det som ikkje går, ein må heller nyta det som faktisk går.
Og slik rundar han av både samtalen og livsforteljinga si; med føtene solid planta på jorda og humoren like stø som alltid.